Oppstart av frivillig skogvern i seks område

Melding om start av verneplanprosess for nye område for frivillig vern av skog i kommunane Kragerø, Larvik, Tinn og Tønsberg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2020

Fylkesmannen varslar med dette at det er starta opp verneplanarbeid for følgjande seks område som er aktuelle for vern etter naturmangfoldloven:

Namn på området

Kommune

Gnr/bnr.

Totalt tilbudt areal i daa

Verneverdi (*)

Supplerande opplysningar

Bakke

Larvik

4138/1

Ca. 479

Regionalt viktig (**)

Edellauvskog og eldre barskog

Barlindknuten

Kragerø

62/3, 72/1

Ca. 426

Nasjonalt viktig (***)

Rik edellauvskog

Bjerke

Larvik

2021/1

Ca. 196

Regionalt viktig (**)

Rik blandingsskog i lavlandet og eldre barskog

Buberget

Tinn

164/4

Ca. 1073

Regionalt viktig (**)

Eldre barskog og blandingsskoger

Urdalen naturreservat, utvidelse

Tinn

162/4, 165/13

Ca. 348

Nasjonalt viktig (***)

Eldre barskog

Verpelva

Tønsberg

334/2,3, 462/1, 462/2

Ca. 445

Nasjonalt viktig (***)

Ravine med edellauvskog og eldre barskog

 

Verneplanarbeidet gjeld areal der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern av skog.

Synspunkt i samband med verneplanarbeidet kan sendast til Fylkesmannen innan 11. desember 2020.

Vi ber om at fråsegner blir sendt oss på e-post: fmvtpost@fylkesmannen.no,
då dette vil lette den vidare sakshandsaminga.

Vi ber om at avsendar presiserer kva for område uttalen gjeld for.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.