Røsaker naturreservat i Skien
Skien kommune fekk sitt 18. naturreservat 23. juni 2020
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Generelt
Området ligg i Gjerpensdalen i Skien, vest til nordvest for Børsesjø og Gjerpen kyrkje, og rett sør for riksveg 32 over til Siljan. Naturreservatet omfattar heile eigedommen med restane av den nedlagde garden Røsaker søndre.
Området har tidlegare vore hevda som beiteskog, og parti med litt tjukk jord som i dag er skog har nok tidlegare vore engstykker. Nærare Røsaker søndre er det alle grader av stadium med tilgroing, frå open engmark til skog. Fleire grove, til dels hole edellauvtrær (ask, lind, kanskje òg alm) har tidlegare truleg vore lauva/styvet. Nokon slike svært grove linde- og oskekjemper er over 1 meter i diameter. Trass i denne historia som beiteskog og hagemark, er det i dag ein god del død ved, både i den bratte lia i aust og i det kuperte terrenget i vest.
Topografi
Lokaliteten består av eit nokså opprevet-småkupert lavaplatå, med vest-vendt brattkant med stup nedanfor grensa/eigedomsgrensa i vest. I aust blir inkludert ein ny brattkant mot neste lavaplatå austafor lokaliteten. Brattkanten har små bergheng og noko rasmark. Sentralt, rett nord for restane av Røsaker søndre, er det nokså flate (eng)parti, med enkelte dammar og sumpområde, og dessutan ein bekk som renn nordover langs brattskråningen i aust.
Verneformål
Formålet med naturreservatet er å verna eit område som har særleg verdi for biologisk mangfald på grunn av førekomst av store areal av frisk ask-alm dominert edellauvskog. Området inneheld òg velutvikla, tørrare eik-lindedominerte typar, og dessutan rike lågurtgran-/furu-utformingar og sumpskogar dominert av svartor og gråorask.
Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av den store variasjonen i naturtypar, ein rik karplanteflora og førekomstar av død ved
Naturfagleg kvalitet
Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av den store variasjonen i naturtypar, ein rik karplanteflora og førekomstar av død ved.
Naturreservatet har nasjonal verneverdi (***).
Naturreservata i Skien |
Lenke til faktaark i Naturbase |
Røsaker naturreservat |
|
Persholknatten naturreservat |
|
Gunnborgdalen naturreservat |
|
Svartefjell naturreservat |
|
Burmannsfjellet naturreservat |
|
Orsjømyra naturreservat |
|
Urdknuten naturreservat |
|
Børsesjø naturreservat |
|
Lagmannskjær naturreservat |
|
Heggemyr naturreservat |
|
Skrim og Sauheradfjella naturreservat |
|
Høgvollane naturreservat |
|
Mjøvann naturreservat |
|
Orrhanemyr naturreservat |
|
Store Snipen naturreservat |
|
Eikelifjellet naturreservat |
|
Trolldalsfjellet naturreservat |
|
Linddalsliane naturreservat |