Start av frivillig skogvern for 13 område

Heddedalane naturreservat i Tokke. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Heddedalane naturreservat i Tokke. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Melding om start av verneplanprosess for nye område for frivillig vern av skog i kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Midt-Telemark, Notodden, Porsgrunn, Seljord, Tinn og Tokke

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.06.2020

Fylkesmannen varslar med dette at det er starta opp verneplanarbeid for følgjande 13 område som er aktuelle for vern etter naturmangfoldloven:

Namn på område 

Kommune

Totalt tilbudt areal i daa

Verneverdi*

Supplerande opplysningar

Miland

Tinn

2224

Regional

(**)

Utviding av Mælslia naturreservat

Vasstveitåsen

315

Regional

(**)

Tørr kalkfuruskog

 

Dalåsen

Hjartdal

2174

Nasjonal

(***)

Gammel låglandsbarskog og rike skogtyper

Myklestul

481

Lokal (*)

Utviding av Gausdalen naturreservat – frå LVO til NR

Lynglifjellet (Ånevatn)

Kviteseid

7114

Regional

(**)

Utviding av Bandaksliane  naturreservat - storområde

Korseikåsen

Porsgrunn

256

Regional

(**)

Utviding av Korseikåsen naturreservat

Skitnebufjellet

Notodden

921

Regional

(**)

Gamal furuskog med stort artsmangfald

Muttjønn

Notodden

1332

Nasjonal (***)

Gamal låglandsfuruskog med stort artsmangfald

Bolkesjø

Notodden

1435

Regional (**)

Gamal brannpåvirka låglandsfuruskog

Raudgjuv (Bjørgefjell)

Seljord

4800

Regional/nasjonal (**/***)

 

Bekkekløft

Barlinddalen

Midt-Telemark

850

Regional (**)

Gamal furuskog og rik blandingsskog

Heddedalane

Tokke

1350

Nasjonal (***)

Edellauvskog og kalkfuruskog med stort artsmangfald

Ystesund

Fyresdal

3542

Lokal (*)

Gamal granskog og lågurtskog

 

Verneplanarbeidet gjeld areal der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern av skog, og i tillegg noko offentleg eigd skog (Statskog SF og Miljødirektoratet) i området Miland i Tinn kommune.

Synspunkt i samband med verneplanarbeidet kan sendast til Fylkesmannen innan 27. juli 2020.

Vi ber om at fråsegner blir sendt oss på e-post: fmvtpost@fylkesmannen.no,
då dette vil lette den vidare sakshandsaminga.

Vi ber om at avsendar presiserer kva for område uttalen gjeld for.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.