Vel 34 000 dekar verna skog i 2020
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og det har vore svært vellukka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det blei vedteke 8 nye skogreservat i Vestfold og Telemark i 2020, og 5 skogreservat er utvida. Totalt utgjer desse områda tilsaman 34 227 dekar nytt verneareal. Dette er omlag fem fotballbanar av internasjonal standardstorleik.
Oversikt over dei nye naturreservata:
Navn |
Kommune |
Areal i daa |
Verneverdi |
Flisefyr og Hidalen - utviding |
Sandefjord |
3 704 |
Regional (**) |
Grøum |
Tønsberg |
79 |
Regional (**) |
Korpen og Sagkollen- utviding |
Larvik |
4 710 |
Nasjonal (***) |
Kvelderønningen |
Larvik |
1 020 |
Regional (**) |
Opsaljuvet |
Hjartdal |
159 |
Regional (**) |
Petersætra og Trestikledalen |
Holmestrand og Drammen, Viken |
3120 |
Regional (**) |
Rollagåsen |
Tinn |
762 |
Regional (**) |
Rupefjell og Selslinatten |
Notodden og Kongsberg, Viken |
16 026 |
Regional (**) |
Røsaker |
Skien |
277 |
Nasjonal (***) |
Sandvik |
Fyresdal |
1 946 |
Lokal til regional (*/**) |
Skirvedalen - utviding |
Tinn og Rollag, Viken |
24 629 |
Regional (**) |
Stor interesse for frivillig skogvern
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og ein vil arbeide vidare med å verne mange nye område dei næraste åra.
- Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Regjeringa sine mål og prioriteringar i skogvernet
I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, bidro vernevedtaka i 2020 til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:
• Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
• Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.
- Vi skal verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei truga artane og naturtypane. I skogen har vi meir enn 1100 truga artar og eit ti-talls truga naturtypar. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Med vernevedtaket som vart gjort i mars 2021, er ca. 5,1 % av alt skogareal og omtrent 3,9 % av den produktive skogen verna etter naturmangfoldloven.
Lenkjer
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding