Kommunane kan nedleggja bålforbod
Ei endring i føresegn gjev kommunane heimel til å leggja ned forbod mot å gjera opp eld utandørs. Føresegna gjeld heile året og omfattar alle stader innan den einskilde kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er eit vilkår for forbodet er at det er stor brannfare eller andre særskilde tilhøve i kommunen.
Heimelen kan lesast i forskrift for brannforebygging §3, og hentast på lovdata.no. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) utviklar ein rettleiar til endringa. Rettleiaren vert publisert på DSB sin nettside.
Fylkesmannen vil samstundes minna om det generelle forbodet mot å gjera opp eld eller handsama brannfarlege gjenstandar i nærleiken av skog eller anna utmark i tida mellom 15. april til 15. september. Det generelle forbodet gjeld med mindre kommunen har gjeve løyve til å gjera opp eld eller om det er openbart at det ikkje kan oppstå brann.
Den nye heimelen vil verta evaluert for å vurdera verknad.