Fylkesmannen blir gravplassmynde
Fylkesmannen (Statsforvaltaren frå 1. januar) blir regional gravplassmynde frå 1. januar 2021, men oppgåvene for heile landet vert samla hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bakgrunnen for endringa er at Stortinget har vedteke ny lov om tro og livssyn og revideringar i det som no skal heite gravplasslova.
Oppgåvene vil mellom anna innebere: Sakshandsaming etter gravplasslova og gravplassforskrifta, som godkjenning av gravplassplanar og lokale vedtekter for gravplassar, innspel til arealplanar som vedkjem gravplassar samt klagehandsaming.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark rettleiar lokale gravplasstyresmakter om gravplasslova og gravplassforskrifta.
Kontaktperson: Åse Skrøvset, mob: 958 78 444