Held fram med sameinte koronatiltak
I dialog med Fylkesmannen er kommunane i Vestfold og Telemark samde om å vidareføre dei sameinte koronatiltaka i kommunar i sone ein, i tillegg til nasjonale råd og tiltak. Kommunar med lågare smitte (sone to) skal følgja dei nasjonale råda
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Under eit møte i føremiddag mellom Fylkesmannen og kommunane, vart det einigheit om å vidareføre delinga av fylket i to soner.
Føremål med møtet var å vidareføre ein felles haldning til korleis vi skal forhalda oss til det auka smittetrykket og oppmodinga frå regjeringa om å vurdera særskilde tiltak i områder med høgare smitte.
Sameinte tiltak er lettare for publikum å halda seg til. Noverande smittetal i den einskilde kommune var avgjerande. Ved auke eller endra smitte kan soner endrast.
- Eg er nøgd med einigheita mellom kommunane om å vidareføre tiltaka, seier fylkesmann Per Arne Olsen.
Det er viktig for meg å understreka at det er den einskilde kommune som har heimel etter smittevernlova å treffa tiltak innanfor eigen kommune. Tiltaka må vera målretta, men må og opplevast som forståelege og førehaldsmessige. Einskilde kommunar kan og ha lokale råd og tiltak i tillegg til dei vi er sams om.
Tiltaka vil bli revurderte på nytt før jul.
Se vedlegg med soneinndeling i høgre margen.
Kontaktpersonar
-
Mats Foshaug
Tlf: 33 37 23 81