Opphevar økonomiplanen i Midt-Telemark
Statsforvaltaren har oppheva kommunestyret i Midt-Telemark sitt vedtak om økonomiplan 2025-2027.
Midt-Telemark kommune vedtok 4. desember budsjett for 2024 og økonomiplan 2025-2027. Statsforvaltaren kan etter kommunelova ta vedtak i kommunestyret opp til lovlegkontroll. Etter ei vurdering har Statsforvaltaren oppheva delen av vedtaket som gjelder økonomiplanen. Kommunestyret må derfor vedta ny økonomiplan innan 30. juni.
- Vi vurderer at vedtaket bryt med kravet til realistiske føresetnader med omsyn til frie inntekter og utbytte for åra 2025-2027, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.
Det er óg usikkert om anslaga for 2024 blir realisert. Dette gjeld både inntekter og innsparingskrav. Statsforvaltaren har likevel ikkje oppheva vedtaket om årsbudsjett.
- Rekneskapen for 2023 viser eit betydeleg underskot for kommunen. Dette må bli dekka inn seinast i 2025 om kommunen skal unngå ROBEK. Vedtaket om ny økonomiplan må ta omsyn til dette. Om ikkje heile underskotet skal dekkast inn i 2025, må óg årets budsjett justerast, seier Syrstad.
I arbeidet med justering av budsjett og ny økonomiplan, må kommunen legge til grunn oppdatert kunnskap om kva som er mogleg å realisere av utgiftsreduksjonar og tiltak.