Alvorleg utvikling på barnevernsinstitusjonar i 2024

Tilsyna med barnevernsinstitusjonar i Vestland viser ein auke i alvorlege hendingar og bruk av tvang. Dei viser at det tek lang tid før barn med komplekse vansker får nødvendig hjelp.

Publisert 14.02.2025

I 2024 gjennomførte vi 104 tilsyn med 15 barnevernsinstitusjonar med til saman 49 avdelingar i fylket. Vi har slått fast lovbrot i 15 prosent av tilsyna. Dette er på same nivå som i 2023. Lovbrota rettar seg mot manglande styring og leiing ved at barna ikkje får nødvendig vern og oppfølging under opphaldet. Døme på dette er at tilsette ikkje har nødvendig kunnskap om førebygging og gjennomføring av tvang mot barn.

Heile årsrapporten for tilsyn med barnevernsinstitusjonar i 2024 finn du under «Dokument».

Barna må tilpasse seg tenestene og ikkje omvendt

Vår erfaring gjennom dei siste åra er at barn i for stor grad må tilpasse seg korleis tenestene er organiserte, heller enn at hjelpa blir tilpassa barns behov. Mange flyttingar, manglande samarbeid og kontinuitet gjer at barn ikkje får nødvendige barneverns- og helsetenester, og dei opplever for mange flyttingar, brå overgangar og brå avslutningar. Vår vurdering er at dette ikkje er til det beste for barn, og at det samla tenestetilbodet til barn på barnevernsinstitusjonar framleis er for sektorisert.

Barna kjenner seg utrygge ved vikarbruk

Vi legg stor vekt på å leggje til rette for å snakke med barn når vi er på tilsyn. Vi kjem derfor ofte til institusjonane etter skuletid, og på tidspunkt der barna er heime.

Eit gjennomgåande tema i samtalane med barn i 2024 har vore bruk av vikarar på institusjonane. Mange barn opplever dette som utrygt. Dei kjenner at opphaldet blir påverka negativt ved at dei ikkje kjenner til kven som kjem på arbeid, og at det blir ulike reglar avhengig av kven som til ein kvar tid er på jobb. Vi har fått fleire meldingar om at lite stabilitet i tilsettegruppa og mykje bruk av vikarar gjer at barn har vore utrygge.

Auke i bruk av tvang mot barn

Barnevernsinstitusjonane sender tvangsprotokollar fortløpande til Statsforvaltaren for gjennomgang. Det har vore ein auke i bruk av tvang mot barn på 36 prosent, frå 1569 avgjerder i 2023 til 2134 avgjerder i 2024. Vi vurderer at auken ikkje er eit resultat av at fleire barn blir utsett for tvang, men at det har blitt brukt meir tvang mot enkelte barn enn tidlegare år. Det budde om lag like mange barn på institusjonane i 2023 som i 2024, og avgjerder om tvang retter seg mot om lag 150 einskildbarn. Dette er likt som i 2023. Det er ikkje ei auke i talet på klagar frå barn på tvang under opphald på barnevernsinstitusjon.

Vi vurderer at auka bruk av tvang dei to siste åra er ein konsekvens av at barn på institusjon har meir komplekse vanskar enn tidlegare, og at institusjonane ikkje har nødvendige rammer og/eller kompetanse til å vareta barna. Døme på dette er barn med omfattande rusvanskar, helseutfordringar og barn som er i kontakt med kriminelle miljø. Dei to siste åra har vi også erfart at fleire av barna som bur på institusjonane er yngre enn tidlegare. Det betyr at vi møter barn i 12-13 års alderen med omfattande utfordringar.

Fleire lovbrot på bistandsplikta til Bufetat

Det er Barne-, ungdoms og familieetaten (Bufetat) som er ansvarleg for institusjonstilbodet i fylket. I 2024 har vi avgjort 17 saker der vi har slått fast 25 lovbrot på bistandsplikta til Bufetat. Dette betyr at Bufetat ikkje har tilbydd plass i institusjon eller fosterheim når kommunar har bedt om dette.  

Konsekvensane av brota på bistandsplikta er mellom anna at saker til Barneverns- og helsenemnda blir trekt eller avvist av nemnda grunna mangel på institusjonsplassar, og at barna får ikkje nødvendige tiltak til rett tid.

I Vestland er det særleg store utfordringar knytt til å ha tilstrekkeleg med akuttplassar. I klagene om brot på bistandsplikta kjem det fram informasjon om barn som over lang tid har hatt ei negativ utvikling, uavklart omsorgssituasjon og fleire barn som set seg sjølv og/eller andre i fare medan dei venter på plass i institusjon.

Utfordringane med å finne tilpassa institusjonsplass til barn har fleire årsaker. Vi ser at det har vore ei auke i barn som er tilknytt kriminelle miljø, barn som går med kniv eller andre våpen, og barn ned i 12-13 års alder som sel og brukar narkotiske stoff. Vi ser òg at fleire barn slit med skulevegring og angst, og det er ein auke i talet på barn som blir tilvist til barne- og ungdomspsykiatrien. I Region Vest er det ikkje tilstrekkeleg kapasitet og variasjon i tiltaka frå Bufetat. Dette fører mellom anna til at barn ikkje får tilpassa tiltak til rett tid.

Mange flyttingar og relasjonsbrot

Mange av barna vi møter har flytta mykje, ofte brått og utan at barnet sjølv har ønskt det. Uønskte flyttingar fører til uønskte brot i behandlings- og omsorgsrelasjonar. Dette meiner vi er ei tilleggsbelastning for mange barn. Mange flyttingar utgjer også ein risiko for at opphald på barnevernsinstitusjon ikkje gjev barn den stabiliteten, omsorga og behandlinga som var målet med flyttinga. Mange barn har det vanskeleg og treng trygge vaksne dei kan ha tillit til. Barna treng også føreseielege rammer og vaksne som kan beskytte dei mot negative miljø, rus og negativ eksponering på sosiale media.

Barn som treng hjelp frå barnevernet er ofte barn som har vore utsett for vald og andre alvorlege krenkingar gjennom store delar av livet. Konsekvensane for barna er store, og kan føre til store vanskar i vaksenlivet. Når barn har behov for hjelp frå barnevernet, må hjelpa vere tilpassa behova og situasjonen til barnet. Dette stiller store krav til kvalitet og fleksibilitet i tiltaka frå barnevernet.

Vi ser også fleire døme på at det tek tid før barn får hjelp og oppfølging frå andre tenester når dei flyttar til barnevernsinstitusjon. Døme på dette er oppfølging frå helsetenesta, og tilpassa skule og opplæringstilbod.

Uroa for om barna får koordinert og godt planlagt helsehjelp

Gjennom tilsyna våre møter vi ofte tilsette som er fortvila over at sjuke barn blir avvist både når dei treng akutt psykisk helsehjelp, eller søker om planlagt innlegging i psykisk helsevern for barn og unge. Årsaker til dette kan vere at barnevernstenestene ikkje har planlagt helsehjelpa godt nok før barn blir flytta til institusjon, eller at fleire barn ikkje har hatt oppfølging frå helsetenesta før dei flyttar på institusjon. At barn ikkje får hjelp og oppfølging for sine psykiske helsevanskar fordi dei har ein ustabil omsorgssituasjon er ikkje til det beste for barna. Vi er uroa over at barn som bur på institusjon som også har behov for hjelp for sine psykiske helsevanskar, ikkje får koordinert og godt planlagt helsehjelp.

Vi erfarer også at barn med behov for helsehjelp, ofte får behandling som er retta mot å redusere symptomuttrykk, framfor hjelp med årsaka til vanskane. Døme på dette er barn med etevanskar, der institusjonane blir bedd om å gje barnet måltidsstøtte og å følgje med på vekt og matinntak. Barn fortel at dette kan vere vanskeleg, og dei opplever at dei ikkje blir sett som heile menneske.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.