Klagerett på vedtak om skjult adresse
Avgjerd om adressesperring er eit enkeltvedtak som kan klagast på. Det kjem fram i det justerte sakshandsamarrundskrivet til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Endringane finn du i del 2, punkt 11.1.3 – Skjult- og sperra adresse som sikkerheitstiltak.
Ei avgjerd om adressesperre er eit enkeltvedtak, jamfør forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Det same gjeld avgjersler om nedgradering av adressesperre. Barnevernstenesta må, ved behandling av saker om adressesperre, følgje føringar som gjeld for enkeltvedtak. Dette betyr at avgjersler om blant anna utgreiings- og informasjonsplikt, partsinnsyn, grunngjeving og klagerett, gjeld. Statsforvaltaren er klageinstans, og klaga skal rettast mot barnevernstenesta som førsteinstans, jamfør forvaltningslova.
Oppheving
Bufdir understrekar i tillegg at barnevernstenestene må oppheve adressesperre når det ikkje lenger er behov for det. Det betyr at tenesta fortløpande må gjere trusselvurderingar. Nye avgjersler skal følgje reglane for enkeltvedtak, og det er viktig at partane i saka får informasjon om klageretten.
Teieplikt ingen hinder
Bufdir minner vidare om at barnevernstenesta, utan hinder av teieplikt, skal gi informasjon til politiet om at dei har treft vedtak om skjult adresse i samsvar med barnevernslova. Eit godt samarbeid mellom tenestene er nødvendig for å gi god hjelp til barn som har behov for sikring.