Læringsnettverk for barnevernstenestene

Oppdatert 08.04.2024

Læringsnettverk skal bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling med utgangspunkt i lokale forhold og behov. Eit læringsnettverk består av fleire kommunar som på tvers av kommunegrenser dannar fagfellesskap og initierer utviklingsprosjekt for å styrkje lokale tenester og tilbod retta mot utsette barn og familiar.

Målgruppa for kommunale læringsnettverk er kommuneleiinga, leiinga og tilsette i barnevernstenestene i samarbeid med Statsforvaltaren.

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Læringsnettverka kan søkje Statsforvaltaren om stimuleringsmidlar til gjennomføring av utviklingsprosjekt. Midlane kan mellom anna brukast til å dekkje delar av kommunanes kostnader til utviklingsarbeid. Dette kan til dømes vere utgifter til prosjektleiing eller oppfølging frå eksterne kompetansemiljø som kan bidra med opplæring, kvalitetssikring og evaluering.

Bufdir har utarbeidd retningslinjer som viser forventningane til arbeidet i læringsnettverka og som også gir føringar for tildeling av stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt.

Læringsnettverka kan dessutan søkje om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt som tek sikte på å styrkje kommunalt fosterheimsarbeid. Du finn meir informasjon om dette og om korleis nettverka kan søkje om stimuleringsmidlar i retningslinjene:

Læringsnettverk som søker om tilskot, må legge ved en prosjektplan. Her finn du digitalt søknadsskjema og mal for prosjektplan. 

Vis meir

Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland

På denne sida finn de informasjon om aktivitetar i regi av læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland. Det vil òg fortløpande bli lagt ut informasjon om arrangement, utviklingsprosjekta og fristar for å søkje om stimuleringsmidlar til nye prosjekt.

I perioden 2018 – 2024 har regjeringa bestemd ei stor satsing på kommunal barnevernsteneste. Eit av tiltaka i regjeringas kompetansestrategi er å stimulere til etablering av lokale læringsnettverk for barnevernstenestene over heile landet. I Vestland har vi eit nettverk der alle kommunane som ønskjer det deltek. 

Læringsnettverket og fellessamlingar

Læringsnettverket består av barnevernsleiarar, prosjektgruppene for utviklingsprosjekta, ressurspersonar frå dei kommunale barnevernstenestene, representantar frå aktuelle kompetansemiljø, brukarorganisasjonar med interesse for barnevern, KS, Bufetat og Statsforvaltaren.

Desse blir invitert til samlingar for læringsnettverket fleire gongar i året. Det blir òg arrangert samlingar retta mot sakshandsamarar knytt til relevante tema i dei pågåande utviklingsprosjekta. Sjå under rubrikken «Arrangement i læringsnettverka» for kommande samlingar og arrangement. 

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Kvart år i prosjektperioden kan kommunane i nettverket gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å iverksette utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barnevernstenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane.

Utlysinga av dette tilskotet skjer normalt i mars kvart år, med søknadsfrist cirka rundt 1. juni. Tilskota våre finn du i tilskotskalenderen.

Styringsgruppe og ressursgruppe

Styringsgruppa for læringsnettverket består av barnevernsleiarar, representantar frå kompetansemiljøa, brukarorganisasjonar, KS, Bufetat og Statsforvaltaren. Ressursgruppa for læringsnettverket består av kontaktpersonane for dei ulike kompetansemiljøa, og representantar frå kommunen, KS, Bufetat og Statsforvaltaren. Du finn meir informasjon og referat frå møta under rubrikkane «Styringsgruppa» og «Ressursgruppa».

Støtte i utviklingsarbeidet

Kompetansemiljøa har ei rekkje tilbod til kommunane som samarbeider om utviklingsprosjekt, som rettleiing i prosjektarbeid og fagdag om oppstart av prosjekt. De finn meir informasjon om innhaldet i desse tilboda under rubrikken "Ressursgruppa" og dokumenta "Prosjektstøtte" og "Årshjul for prosjektstøtteriggen" under "Dokument" på denne sida.

Oversikt over utviklingsprosjekta

Her finn du meir informasjon om alle utviklingsprosjekta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.09.2024, Sist endra 25.09.2024

Samla seg om erfaringsdeling

I 2024 har Statsforvaltaren tildelt nær 4,5 millionar kroner i stimuleringsmidlar til ni utviklingsprosjekt. Fleire av prosjekta vart løfta fram på barneverns- og læringsnettverkskonferansen i Bergen i september.


Publisert 21.03.2024

Rapport samlar erfaringar frå seks prosjekt på fosterheimsområdet

Fleire kommunar og barnevernstenester har dei siste åra samarbeidd om utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet. Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ein rapport med tilrådingar for korleis fleire kommunar kan nytte seg av lærdomen frå prosjekta.


Publisert 20.09.2022, Sist endra 24.03.2023

Oversikt over utviklingsprosjekt i barnevernstenestene i Vestland

Det skjer mykje spanande og viktig utviklingsarbeid i barnevernstenestene i Vestland. Statsforvaltaren har tildelt tilskot til 18 utviklingsprosjekt frå 2018 og fram til i dag. 


Publisert 19.09.2022

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Søknadsfristen er 1. oktober 2022.