Barnehage og opplæring

Oppdatert 13.08.2024

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring varer fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette er nye reglar som gjeld frå 1. august 2024 når ny opplæringslov trer i kraft. Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

20.02.2025

Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar for 2025

Kommunar i Vestland kan søkje om tilskot til symjeopplæring. Søknadsfrist er 21. august 2025.


20.02.2025

Tilskot til opplæring i samisk i vidaregåande

Fylkeskommunen og private vidaregåande skular godkjent etter privatskulelova kan søkje Utdanningsdirektoratet om tilskot til opplæring i samisk i vidaregåande innan 15.mai.


20.02.2025

Digitale samlingar og nettverk om barnekoordinatorordninga

Jobbar du som barnekoordinator? Eller har du ansvar for barnekoordinatorordninga? 


19.02.2025

Klage på eksamen

Statsforvaltaren er klageinstans på sluttvurdering i grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa. På denne sida vil du finne informasjon om korleis du skal gå fram om du vil klage på eksamen.


17.02.2025

Avklaringar om bruk av tvang i skuletida

Nokre føresetnader må vere på plass for at kommunen kan bruke tvang og makt når elevar er på skulen.  


05.02.2025

Rettleiing om reglane i integreringslova 2025

Vi arrangerer fem rettleiingswebinar for kommunane om ulike tema i løpet av året.


04.02.2025

Dronning Sonjas skulepris 2025

Jobbar skulen din godt med inkludering og likeverd? Har de eit skulemiljø preget fellesskap og gode relasjonar? Da kan de vere aktuelle kandidatar til å vinne Dronning Sonjas skulepris!


20.01.2025

Elevundersøkinga 2024

Etter fleire år med nasjonal auke i prosentdelen av elevar som opplever mobbing, ser ein no teikn til endring. Resultata for Vestland skil seg frå dei nasjonale tala på enkelte område.


17.01.2025

Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2024

Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2024 har vi gjennomført 36 tilsyn.


07.01.2025

Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen

Helsedirektoratet har starta ei webinarrekkje om psykisk helsearbeid for barn og unge. Du kan sjå opptak av det første webinaret, som tek føre seg forankring og etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel