Karaktersnittet i Vestland er noko høgare enn landssnittet
Årets avgangselevar i Vestland fylke fekk i snitt 42,4 grunnskulepoeng. Dette er likt som ved fjorårets utrekning av grunnskulepoeng, og ligg 0,2 poeng over landsgjennomsnittet.
Grunnskulepoeng er eit mål for elevane sitt karaktersnitt på vitnemålet. Dei bereknast i fylkets inntaksbase VIGO, og utgjer grunnlaget for opptak til vidaregåande skule. Grunnskulepoenga er rekna saman ved å summere talkarakterar i alle fag, både standpunkt- og eksamenskarakterar, og delast på tal elevar. Gjennomsnittet med to desimalar multipliserast deretter med 10.
Elevar utan karakterar i meir en halvparten av faga er ikkje teke med i utrekninga.
Det er lite som skil tala på grunnskulepoeng i Vestland samanlikna med tala på landsbasis. Kjønnsforskjellane viser at medan jentene ligg på nøyaktig same poengsum som på landsbasis (44,2), viser gutane seg å ligge 0,2 poeng over landsbasis med totalt 40,6 poeng.
Jentene i Vestland har i snitt fleire grunnskulepoeng enn gutane. Kjønnsskilnaden viser at jentene ligg 3,6 poeng over snittet til gutane.
For meir info om grunnskulepoeng og oversikt over resten av landet sjå Udir sin artikkel her: Lite endring i karakterene til elever på 10. trinn | udir.no .