Nasjonale prøver 2021

Resultata frå i år viser at elevane i Vestland ligg på om lag same nivå som landssnittet. Gutane gjer det betre enn jentene i rekning, medan jentene gjer det betre enn gutane i lesing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.11.2021

Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Resultata blir publisert på ein skala med eit gjennomsnitt på 50 skalapoeng og standardavvik på 10. Resultata blir i tillegg publisert saman med tala på elevar på kvart meistringsnivå.

Du får oversikt over sentrale tal og statistikk i analysebrettet på UDIR sine heimesider.


Skilnader mellom gutar og jenter

Gutane i Vestland på 5. årstrinn scorar i snitt fire skalapoeng høgare i rekning enn jentene. I engelsk scorar gutane to skalapoeng høgare enn jentene, medan jentene er eitt skalapoeng betre enn gutane i lesing. Skilnaden mellom gutane og jentene sin skår i rekning og engelsk er større i år enn i fjor.

På 8. trinn kan vi òg sjå forskjellar mellom kjønna. Jenter og gutar har same resultat i engelsk, medan jentene scorar to skalapoeng høgare enn gutane i lesing. I rekning scorar gutane tre skalpoeng høgare enn jentene. Samanlikna med i fjor er dette resultatet nærast uendra.

Skilnadene held fram også på 9. trinn. Jentene scorar tre skalapoeng høgare enn gutane i lesing, medan gutane scorar eit skalapoeng høgare enn jentene i rekning. I fjor skåra gutane tre poeng bedre enn jentene i rekning.


Vestland og resten av landet

På 5. - 8. og 9. trinnet gjer Vestland det likt med landssnittet i lesing og rekning, medan 5. trinnet scorar noko lågare i engelsk.

På 5.- og 8. trinn er det samla sett Oslo som har dei beste resultata. Dei har resultat over landssnittet i engelsk, lesing og rekning. På 8. trinnet ligg Vestland på landssnittet i lesing, rekning og engelsk.

9. trinnet gjennomfører nasjonal prøve i rekning og lesing. Oslo, Viken og Rogaland har dei beste resultata samla sett. Rogaland ligg eit skalapoeng over landssnittet i rekning, og Viken ligg eit skalapoeng over landssnittet i lesing. Oslo ligg over landssnittet både i lesing og engelsk.

I fjor låg 9. trinnet i Vestland over landssnittet i begge prøvane. I år skårar elevane likt med landssnittet.

Resultatet etter lesing og rekning i 8. - og 9. trinnet viser at elevane i 9. trinnet presterer i snitt tre skalapoeng høgare i lesing og rekning enn elevane på 8. trinn.



Her finn du meir informasjon om dei nasjonale prøvene

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 5. trinn 2021

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 8. og 9. trinn 2021

Resultat 5.-8. og 9.trinn

Analysebrettet

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.