Saksbehandlingstid i saker om spesialundervisning

Sivilombodet har behandla tre saker som gjeld spesialundervisning i 2023 og 2024, og har bede Statsforvaltaren informere kommunane om desse sakene.

Publisert 12.08.2024

Ombodet har vore særleg opptatt av saksbehandlingstida, då lang saksbehandlingstid kan få store konsekvensar for den enkelte elev. Dette gjeld på same måte for vedtak om individuell tilrettelegging etter ny opplæringslov.

Krav til framdrift – ved vidare behov etter avslutta vedtaksperiode

I fråsegna av 22. september 2023 (SOM-2023-2014) viste Sivilombodet til at saker om spesialundervisning etter sin art krev rask saksbehandling, slik at eksisterande spesialundervisningstilbod ikkje blir stansa på grunn av lang saksbehandlingstid. Ettersom behandlingstida ofte vil gå parallelt med skuleåret, vil lang behandlingstid føre til tap av rettar for elevar som har krav på spesialundervisning. I den konkrete saka, gjekk eleven sitt vedtak om spesialundervisning ut i juni 2022. Då kommunen gjorde nytt vedtak juni 2023, hadde eleven i realiteten stått utan eit oppdatert vedtak om spesialundervisning i eit heilt skuleår. Ombodet kom til at kommunen ikkje hadde behandla saka i tråd med forvaltningslova § 11a, som seier at saker skal førebuast og avgjerast utan ugrunna opphald. Sjå Sivilombodet sine nettsider: Lang behandlingstid i sak om spesialundervisning i grunnskolen - Sivilombudet.

Nytt vedtak etter oppheving i klagesak for Statsforvaltaren

Sivilombodet si fråsegn 14. februar 2024 (SOM-2023-4868) gjeld behandlingstida i ei sak om spesialundervisning etter at Statsforvaltaren hadde oppheva kommunen sitt vedtak etter ein klage. Kommunen brukte over seks månader på å gjere nytt vedtak i saka. Behandlingstida var etter ombodet sitt syn ikkje i tråd med kravet i forvaltningslova § 11a. Ombodet understreka at kommunen har ei særleg oppmoding om å prioritere å gjere nytt vedtak raskt i denne sakstypen, når eit vedtak blir oppheva etter klage. Fråsegna er publisert på Sivilombodet sine nettsider: Lang behandlingstid i sak om spesialundervisning etter opphevelse i klagesak - Sivilombudet.

Saksbehandlingstid for sakkunnig vurdering

Fråsegna av 20. mars 2024 (SOM-2023-5666) gjeld behandlingstida ved pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Ombodet konkluderte med at ei ventetid på eitt år frå tilvising til oppstart av PPT sitt arbeid med sakkunnig vurdering, var uforsvarleg lang og i strid med forvaltningslova. Ombodet peika på at lange opphald i saksbehandlinga på grunn av manglande ressursar, er å sjå som ugrunna opphald etter forvaltningslova § 11a første ledd. Kommunen må innrette tenestene på ein slik måte at det er mogleg å oppfylle elevane sine rettar etter opplæringslova. Kommunen vart beden om å vurdere mellombelse tiltak for å bøte på den lange saksbehandlingstida. Ombodet ber også om tilbakemelding frå kommunen på om iverksette tiltak for å få ned saksbehandlingstida har ønskt effekt. Sjå Sivilombodet sine nettsider: Behandlingstiden ved pedagogisk-psykologisk tjeneste i Bergen kommune i en sak om spesialundervisning - Sivilombudet.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.