Vedtak om nedleggingar i Alver kommune er lovleg
Alver kommune vedtok i oktober 2024 å legge ned Myking skule, Kløvheim skule og Austebygd barnehage og skule. Tre kommunestyrerepresentantar kravde lovlegkontroll av vedtaket. Vi har konkludert med at vedtaket i kommunestyret var lovleg.
Bakgrunn for saka
Alver kommune behandla i kommunestyremøte 24. oktober 2024 saka om ny barnehage- og skulebruksplan. Kommunestyret vedtok framlegget frå kommunedirektøren om blant anna skule- og barnehagenedleggingar. Dette innebar at Myking skule med sine 52 elevar, Kløvheim skule med sine 23 elevar og Austebygd barnehage og skule med sine 23 barnehagebarn og 36 elevar blei bestemt nedlagt. Framlegget vart vedteke med 21 røyster mot 20, men det kom raskt fram at ein kommunestyrerepresentant stemde feil. I kommunestyremøte 28. november 2024 blei vedtaket oppretthalde.
Statsforvaltaren si vurdering og konklusjon
Statsforvaltaren har vurdert at vedtaket er gjort av riktig myndigheit, at det har blitt til på lovleg måte og at det har eit lovleg innhald. Sentralt i vurderinga vår var blant anna om saka var godt nok opplyst og om kommunen i tilstrekkeleg grad hadde vurdert, vist og vekta omsynet til barna sitt beste. Vi vurderte at saka var godt nok opplyst for dei som har tatt avgjerda i saka, og at det trass i enkelte svakheiter i barna sitt beste-vurderinga kjem fram at dette omsynet på ein indirekte måte har blitt vurdert, vist og vekta gjennomgåande i prosessen.
Vi vil presisere at det er ei politisk avgjerd å bestemme om det er grunnlag for å legge ned skular og barnehagar, og kva skular/barnehagar som eventuelt skal leggast ned. Lovlegkontrollen skal ikkje vere ein kontroll med tilsikta eller utilsikta konsekvensar av avgjerda, men om sjølve avgjerda er lovleg eller ikkje etter gjeldande rett.
Sjå Statsforvaltaren sitt vedtak av 13. juni 2025 i dokumentlenka i høgre marg.