Rettleiingsvideoar om skulen si aktivitetsplikt og eleven si rett til medverknad i ny opplæringslov
Vi vil i løpet av hausten 2024 legge ut fleire rettleiingsvideoar om regelverket knytt til eit trygt og godt skulemiljø i ny opplæringslov. I rettleiingsvideoane vil vi gå gjennom kva som er nytt, og kva som er vidareført.
1. august 2024 fekk vi ny opplæringslov. Når det gjeld aktivitetsplikta og reglane om skulemiljø, er ikkje endringane store, men det er mellom anna gjort nokre språklege justeringar. I løpet av hausten vil vi legge ut korte rettleiingsvideoar om skulen si aktivitetsplikt i ny opplæringslov, plikta til å undersøke, plikta til å sette inn tiltak og om eleven si rett til å bli høyrd og vurdering av eleven sitt beste. I desse videoane vil vi gå gjennom kva som er nytt, og kva som er vidareført. Videoane vil bli lagt ut på denne nettsida. Dei kan brukast saman, eller kvar for seg.
Målgruppa er tilsette i opplæringssektoren.