Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2024
Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2024 har vi gjennomført 36 tilsyn.
Føremålet med tilsynet er å bidra til at alle barn og elevar lærer, meistrar og trivst i eit inkluderande fellesskap. Tilsynet skal bidra til at rettstryggleiken for barn og elevar vert ivaretatt.
Statsforvaltaren vel kommune og tema for tilsyn på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2024 har vi ført tilsyn med følgjande tema:
- Skulemiljø
- Trygt og godt barnehagemiljø
- Lærarnorma
- Gjennomføring av spesialundervisning
- Gjennomføring av spesialpedagogisk hjelp
- Fylkeskommunen sitt ansvar for gjennomføring av eksamen
- Særskilt språkopplæring
- Nasjonale prøver
- Trygt og godt barnehagemiljø
- Rett og plikt til grunnskuleopplæring og oppfølging av fråvær
- Sakshandsamingstid hjå PP-tenesta
- Organiseringa av oppgåvene kommunen har som barnehagemyndigheit
- Differensiering av introduksjonsprogrammet og norskopplæring
- Meldeplikt til barnevernet
Vi har funne brot på regelverket i fleirtalet av tilsyna vi har gjennomført. Når Statsforvaltaren finn at kommunen ikkje har ein lovleg praksis, blir dei pålagde å endre denne praksisen.
Alle tilsynsrapportane er offentlege og er tilgjengelege i den nasjonale tilsynskalenderen.