Nasjonal konferanse om Bu trygt heime
Husbanken og Helsedirektoratet inviterer til ein inspirerande dag om arbeidet med Bu trygt heime-satsinga 22. oktober frå 10.00 til 15.00.
Publisert 13.08.2024
Det er mogeleg å delta både digitalt og fysisk.
Meir informasjon og påmelding til Nasjonal konferanse – Bo trygt hjemme.
Bu trygt heime handlar om korleis eldre kan leve gode liv og bu lengst mogleg heime. Dette krev samarbeid på tvers, og involverer folkehelse, lokalsamfunn, bustad, transport og helse- og omsorgstenester.
Sju departement står bak reforma, og på konferansen får du innsikt på tvers av sektorar. Konferansen vil legge vekt på korleis kommunar og andre målgrupper kan få støtte og inspirasjon til å gjennomføre reformarbeidet.