Folkehelseprofilane for 2024
Temaet for folkehelseprofilane i år er eldre si helse.
Publisert 13.03.2024
Levealderen aukar, og vi forventar ein stor auke i talet og andelen eldre i befolkninga fram mot 2050. Denne auken er noko kommunane bør planlegge for. Det er mogleg å påverke helse og funksjon gjennom heile livsløpet, også for eldre. Å legge til rette for helsefremmande levevanar gjennom heile livet er viktig for ein god alderdom. Les meir i saka på Folkehelseinstituttet.
Folkehelseprofilane gir informasjon om helsetilstanden og det som påverkar helsa, i kommunar og bydelar. Du kan laste ned folkehelseprofilane på heimesida til Folkehelseinstituttet (FHI).