Kartlegging av samhandlinga mellom Nav og kommunane

Statsforvaltaren og Nav fylke skal kartlegge samhandlinga mellom Nav og kommunale helse- og omsorgstenester om personar som treng samtidig og koordinert bistand for å delta i arbeidslivet. Alle kommunar får tilsendt ei spørjeundersøking. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2021

Mange personar med ulike helseproblem vil trenge samtidig og koordinert bistand frå både Nav og helse- og omsorgstenestene i kommunen, for å kunne delta i arbeidslivet og få betre helse. Det er viktig at helse- og omsorgstenestene og Nav samarbeider systematisk for å lukkast i dette arbeidet. 

Det er utarbeidd eit kartleggingsverktøy, som vert sendt ut til tilsette i Nav, og til ulike tenesteytarar innan kommunale helse- og omsorgstenester, i tillegg til leiarar. Målet er å kartlegge tenestesamhandling om tenestemottakarar og pasientar som har behov for samtidige tenester.

Kartleggingsverktøyet er ei spørjeundersøking, som tek om lag 5 minutt å gå gjennom. Svara vil vere anonyme. Målet er å få innsikt og kunnskap til å utarbeide tiltak for å styrke og betre samhandling, slik at felles brukarar eller pasientar opplever oppfølging som koordinert og nyttig. Det er difor viktig at så mange som råd svarer på undersøkinga.

Undersøkinga vert sendt ut til postmottak til alle kommunane i Vestland i løpet av veke 39. Svarfrist er 22. oktober.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar