Nye utdanningsløp for spesialistutdanninga
Det nye spesialistutdanningsløpet for legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin trådde i kraft 1. mars 2019 for del 2/3.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
All gjennomført utdanning skal no dokumenterast digitalt i ein kompetanseportal. Portalløysinga som er etablert for desse spesialitetane er svært lik den som allereie er i bruk for LIS1 i kommunehelsetenesta. I brevet frå Helsedirektoratet finn de informasjon om korleis de tek i bruk portalen, om brukarstøtte og databehandlaravtale de må inngå. De finn også meir informasjon på Helsedirektoratet si nettside.
Alle instansar/kommunar som tek på seg å spesialistutdanne legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin, må registrere seg som utdanningsverksemd innan 1. juni 2019. De finn lenke til skjema på Altinn si heimeside.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42