Slik skal dei som slit med seinskadar etter korona få hjelp
Nasjonal plan for rehabilitering skal hjelpe dei som strevar med seinverknader etter korona å komme tilbake til kvardagen igjen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med planen er å sikre at dei som har hatt covid-19 får rehabilitering dersom dei treng det. Dei nasjonale faglege råda for rehabilitering etter covid-19, oppsummerer kunnskapsgrunnlaget på feltet og gir konkrete faglege råd.
Behovet for rehabilitering er spesielt stort for dei som har gjennomgått eit alvorleg sjukdomsforløp, men desse råda rettar seg også mot pasientar som ikkje har vore innlagt på sjukehus, men som har vedvarande funksjonsproblem etter mild eller moderat sjukdom.
Helsedirektoratet har også utarbeidd webinar og e-læringskurs om rehabilitering etter covid-19.
Her kan du lese nasjonal plan for rehabilitering etter covid-19.