Tilskot til oppfølging av akuttmedisinforskrifta - forlenga frist

Helsedirektoratet har forlenga utlysinga av tilskot til opplæring i akuttmedisin og kurs i valds- og overgrepshandtering for legevaktpersonell. Fristen er 31. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2021, Sist endra 16.05.2022

Vi oppmodar kommunar som har helsepersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta om å melde desse på kurs, og søke tilskot til refusjon for kursutgifter innan 31. oktober.

Les fullstendig utlysing og søk på nettsida til Helsedirektoratet. 

Ein kan få tilskot i år, sjølv om kursa blir gjennomført neste år, sidan ubrukte midlar kan overførast til 2022. Søknader blir behandla fortløpande så langt midlane rekk.

Kompetansekrav

Tilskotet er eit moglegheitsvindauge som blir lukka i haust, sidan Helsedirektoratet ikkje vil få tildelt noko budsjett til dette i 2022.  

Kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta er utsett til 1. januar 2023. Tidlegare var fristen 1. mai. I denne artikkelen kan du lese meir om forlenging av overgangsordninga.

Kravet gjeld også helsepersonell på fastlegekontor som har legevaktansvar på dagtid. Helsedirektoratet har grunn til å tru at det er store udekka behov for opplæring, spesielt blant andre personellgrupper enn legar. Dette kan ein lese ut av låg registreing av slik kompetanse i helsepersonellregisteret, spesielt når det gjeld handtering av vald og overgrep.

Målet med ordninga

Målet for ordningen er at brukarane skal få betre kvalitet på legevakttenestene. Dette gjennom å auke kompetansen for legar og anne helsepersonell i legevakt gjennom kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering og gjennom å auke grunnkompetansen for operatørar i legevaktsentralar.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.