Tilskotsordning for ALIS-avtale
Målet for tilskotsordninga er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusere talet på ledige fastlegeavtaler og auke stabiliteten blant allmennlegar i spesialisering. Søknadsfristen er 16. november 2021
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Auke i tal ALIS-avtalar er eit viktig tiltak i Handlingsplan for allmennlegetenesta 2020-2024, og tilskotet skal bidra til å dekke kommunens meirutgifter ved inngåing av ALIS-avtalane. Målet for tilskotsordninga er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusera talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering.
Tilskotet kan søkast for ALIS i næringsverksemd og for ALIS tilsett i kommunen. Fastlegevikarar utover eit års varigheit vil og kvalifisera for tilskot, så framt dei har ALIS-avtale. Tilskotsordninga for næringsdrivande fastlegar utgjer for 2021 48 mill. kroner. Tilskotsordninga til fastlegar tilsett i kommunen utgjer fr 2021 54 mill. kroner.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42