Webinar om nasjonal fagleg retningslinje om tidleg oppdaging av utsette barn og unge
Måndag 21. september inviterer Helsedirektoratet til webinar om nasjonal fagleg retningslinje «Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med retningslinja er å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane.
Retningslinja blir presentert på webinaret, som du kan følgje på nettsidene til Helsedirektoratet.
Tidspunktet er måndag 21. september klokka 15.00-16.00. Du treng ikkje melde deg på og opptak av webinaret blir publisert i etterkant.
Konferanse i Bergen 18. - 19. november
Retningslinja om tidleg oppdaging av utsette barn og unge ligg til grunne for konferansen Tidleg innsats – har vi råd til å la vere? som Fylkesmannen i Vestland arrangerer 18.-19. november.