Søknadsfrist for særplass for turnusåret 15.08.2025 til 14.08.2026

Søknadsfristen for å søkja om særplass for turnustenesta for fysioterapeutane er 21. oktober 2024.

Publisert 27.08.2024, Sist endra 29.08.2024

Søknadsfristen for å søkja om særplass knytt til turnustenesta til fysioterapeutar for turnusåret 2025-2026 er 21. oktober 2024.

Send søknaden til Statsforvaltaren i Vestland

Studentar ved NTNU og Høgskulen på Vestlandet sender søknad om særplass til Statsforvaltaren i Vestland. Ver venleg å bruk «Send sikker melding» ved innsending av søknad.

Regelverk

Behovet for særplass skal vere grunngjeve og dokumentert. Regelverket som gjeld for særplass finn de i Forskrift om turnustjeneste for fysioterapeuter § 9 og i Helsedirektoratets rundskriv IS-1/2018 kapittel 3.3.

Byte av turnusregion

Frist for å byta region med turnusfysioterapeut frå ein annan region er 4. november 2024. Fristen for å byta internt i turnusregion Midt-Vest, er òg 4. november.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.