Tilskotet nasjonal ALIS og veiledning
Tilskotet er revidert og vil gjere søknadsprosessen for kommunar som vil inngå avtalar med allmennlegar i spesialisering (ALIS) samla og forenkla. Søknadsfristen er 1. oktober.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helsedirektoratet endrar tilskotsordninga for å gjere det enklare for kommunar å tilby ALIS-avtale til fleire allmennlegar. Eksisterande tilskot til ALIS-avtalar og rettleiing av LIS3 blir derfor erstatta av den nye ordninga. Tilskotet er lyst ut på Helsedirektoratet si nettside, med frist 1. oktober.
Endringane i den nye tilskotsordninga er:
- Dei tidlegare ordningane ALIS-avtale og rettleiing til LIS3 er slegne saman i den nye ordninga. Dette gjer at kommunen berre treng å sende ein søknad.
- Tilskotet vart utlyst 17. mars 2022. Kommunen kan søke tilskot løpande for perioden 1. januar til og med 1. oktober.
- Tilskot vert utbetalt på etterskot. Kommunane søkjer i etterkant av perioden, og kan forhalde seg til førehandsdefinerte tilskotsbeløp som varierer med stillingstype, stillingsandel og varigheit. Dersom kriteria i tilskotsregelverket er oppfylte, vil kommunen få utbetalt det tilskotsbeløpet dei har krav på.
- Eigenandelen for kommunane fell vekk.
- Ingen krav om innsending av individuell utdanningsplan, fastlege/vikaravtale og rekneskap med eigenfinansiering.
- Ingen krav om rapportering.
Hensikta med tilskotet er å få fleire legar til å starte opp med og fullføre spesialisering i allmennmedisin. Les meir om endringane i tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.
ALIS Vest kan hjelpe kommunane ved behov for rettleiing i søknadsprosessen. Regelverket for tilskotet finn du under «Dokument».