Økonomisk stønad under gjeldsordning
Har ein rett på økonomisk stønad når innvilga sosialhjelp indirekte vil gå til dekning av gjeld under gjeldsordning?
Skilnader i regelverk og livsopphaldssatsar gjer at ein person under gjeldsordning kan ha rett på sosialhjelp etter sosialtenestelova fordi hen ikkje har nok inntekt til å forsørge seg sjølv, og samstundes, vurdert etter eit anna regelverk, har eit overskot som skal fordelast til kreditorane. Nav skal halde barnetrygda utanfor ved berekning av behov for økonomisk stønad. I utrekning av om ein under gjeldsordning har eit overskot som skal fordelast til kreditorane, skal barnetrygda takast med på inntektssida. Dette skapar ein del utfordringar.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har svara på spørsmålet om ein person som er under gjeldsordning skal kunne få løpande sosialhjelp. Dei skriv:
“Det er ingen unntak i sosialtjenesteloven som innebærer at personer under gjeldsordning ikke skal kunne motta sosialhjelp. Personer som fyller vilkårene for å motta økonomisk sosialhjelp, også personer som ikke ville hatt rett på det dersom barnetrygden ble inntektsberegnet, skal få innvilget dette i tråd med regelverket.”.
Direktoratet presiserer at barnetrygda skal haldast utanfor berekninga ved vurdering av økonomisk sosialhjelp, og at dette gjeld uavhengig av om tenestemottakaren har gjeld, er under gjeldsordning og/eller mottar gjeldsrådgjeving.
Du kan lese svaret frå direktoratet under "Dokument", sjå punkt nummer 3 i brevet.