Ekstra tilskot til tolv Nav-kontor i Vestland
Fylkesmannen i Vestland har utbetalt 6,1 millionar kroner i tilskot til dei sosiale tenestene i Nav. Pengane skal hjelpe Nav til å setje i verk tiltak for å handtere konsekvensar av koronapandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilskotet skal støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit auka behov for tenester etter sosialtenestelova, som følgje av koronapandemien/covid‐19. Dei 6,1 millionar kronene som vi har betalt ut skal i all hovudsak nyttast til ekstra personellressursar på Nav-kontora.
Midlar til disposisjon
Arbeids‐ og velferdsdirektoratet stilte i alt 4 761 590 kroner til rådvelde for tilskot til Nav‐kontora i Vestland. I tillegg la vi til 1 323 000 kroner som ikkje er nytta frå andre budsjett, slik at vi i alt kunne utbetale 6 100 000 kroner i tilskot. Dei ekstra midlane frå andre budsjett gjekk inn i tilskotet som vi gav til Bergen kommune.
Fordeling av tilskot
Til saman søkte kommunane i Vestland om 12 698 000 kroner i tilskot, og vi hadde midlar til å innvilge litt under halvparten av det kommunane søkte om. Dei 6,1 millionar kronene er fordelt slik:
Bergen sør |
1 500 000 |
Bergen nord |
1 500 000 |
Alver |
500 000 |
Sunnfjord |
500 000 |
Høyanger |
300 000 |
Bømlo |
300 000 |
Ullensvang |
250 000 |
Ulvik |
250 000 |
Aurland |
250 000 |
Askøy |
250 000 |
Stord og Fitjar |
250 000 |
Sveio |
250 000 |