Informasjon om vaksinering hausten 2024

Barn og vaksne i risikogrupper, og tilsette i helsetenesta med pasientkontakt må få eit godt tilrettelagt tilbod om influensavaksine.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2024

Det er for få tilsette i helsetenesta og personar i risikogrupper som tek vaksine mot influensa. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) ber derfor kommunane og helseføretaka sørge for at barn og vaksne i risikogrupper, og tilsette i helsetenesta får eit godt tilrettelagt tilbod om influensavaksine.

Noreg har slutta seg til målet Verdens helseorganisasjon og EU har sett, om at minst 75 prosent av helsepersonell og personar i risikogrupper er vaksinert mot influensa. Vaksinasjonsdekning blant helsepersonell er i dag lågare enn dette.

Les meir om arbeidsgjevar sitt ansvar for å tilby influensavaksine, barn i risikogrupper, mål om minst 75 prosent vaksinert, informasjon på kommunens heimeside og kampanje- og informasjonsmateriell i brevet frå Helsedirektoratet og FHI, som du finn under "Dokument".

Les også om vaksinasjon mot covid-19 og sesonginfluensa, gjennomføring av vaksinering i haust, ny og oppdatert koronavaksine, bestilling og utsending av vaksine og prøvetaking i brevet frå FHI, som du finn under "Dokument".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.