Avklaringar om bruk av tvang i skuletida
Nokre føresetnader må vere på plass for at kommunen kan bruke tvang og makt når elevar er på skulen.
Vi har fått førespurnader om bruk av tvang og makt, etter reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i skuletida for personar med diagnosen utviklingshemming. Førespurnadene har mellom anna omfatta ansvarsområde, krav til førebyggande tiltak og andre løysingar og krav til gjennomføring.
Nokre føresetnader må vere på plass for bruk av tvang og makt, etter reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, når eleven er på skulen. Desse er:
- Tenestevedtak og kapittel 9-vedtak for personen må gjelde i skuletida.
- Skulen si leiing må samtykke til at tiltak blir gjennomført når eleven er på skulen.
- Vilkåra i lova må vere oppfylt.
Under visse føresetnader kan den eine av dei to tenesteytarane som gjennomfører tvangstiltak vere tilsett i skulen.
Barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn, etter grunnlova og barnekonvensjonen. Konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne pålegg vidare alle å sjå til at barnets rettar vert oppfylt på lik linje for barn og unge med funksjonsnedsettingar.
Les heile brevet om bruk av tvang og makt i skuletida, som vi har sendt til kommunane i Vestland, spesialisthelsetenesta og Vestland fylkeskommune, som du finn under «Dokument».