Søknad om løyve til avfallsanlegg i Rådalen
- Høyringsfrist:
- 10. august 2019
Fana Stein og Gjenvinning Nett AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for behandling og mellomlagring av forureina massar i Rådalen i Bergen kommune. Frist for uttale er 10. august 2019.
Om søknaden
Fana Stein og Gjenvinning Nett AS søkjer om behandling og mellomlagringav inntil 140 000 tonn forureina massar på anlegget i Rådalen
Søknaden gjeld vasking av 80 000 tonn massar med forureiningsgrad tilsvarande ordinært avfall i vaskeanlegget. Vaskeanlegget skal stå på betong. Vaskeanlegget vert i dag vert nytta til vasking av massar som ikkje er forureina.
Det er søkt om å lagre maksimalt 16 350 tonn i 6-12 månader. Avfallet er søkt lagra på 2 lags asfalt og under tak.
Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.
Verksemda har i dag løyve til drift av anlegg for mottak og behandling av forureina jord gitt i 2001, sjå www.norskeutslipp.no.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 10. august 2019.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/12290. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 10. august 2019
Kontaktpersonar
-
Astrid Holte
Tlf: 55 57 23 19