Velde Produksjon AS søkjer om løyve til å ta imot, mellomlagre og behandle gjenbruksasfalt på Skaganeset

Høyringsfrist:
11. juni 2021 23:59

Verksemda vil ta i mot gjenbruksasfalt og bruka han inn i produksjonen av ny asfalt på asfaltverket på Skaganeset industriområde i Øygarden. Tiltaket krev løyve etter forureiningslova og høyringsfristen er sett til 11. juni 2021.

Publisert 10.05.2021

Søknaden

Velde Produksjon AS søkjer om løyve til å opprette eit mellomlager av gjenbruksasfalt på Skaganeset industriområde i Øygarden kommune. Massane skal brukast inn i asfaltproduksjonen på nabotomta og vil erstatte eit tilsvarande volum av knuste steinmassar. Asfaltflak, fresemassar og granulat (oppknuste asfaltflak) blir levert med lastebil. Asfaltflaka skal knusast med ein mobilknuser inne på området.

Verksemda søkjer løyve til å mellomlagre opp til 10.000 tonn med returasfalt inne på området.

Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Offentleg ettersyn

Sjå heile søknaden på høgre side. Høyringsfristen er 11. juni 2021. 

Merknadar til søknaden kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no . Merk ein eventuell epost med referansenummer 2021/2025

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.

Høyringsfrist:
11. juni 2021 23:59