Høyring av frivillig skogvern av fem område i Vestland

Høyringsfrist:
3. august 2021 23:00

Vi sender på høyring fem område for frivillig skogvern, derav fire som utviding av eksisterande naturreservat. Frist for uttale er 3. august 2021.

Publisert 03.06.2021
Både Åkre og Vikane naturreservat (biletet) og Bråvoll og Hus naturreservat har blant dei eldste og mest naturprega skogane i Vestland. Dette er skog med ulike treslag, og med både levande og døde tre i alle aldrar. Det gjev eit stort artsmangfald.
Både Åkre og Vikane naturreservat (biletet) og Bråvoll og Hus naturreservat har blant dei eldste og mest naturprega skogane i Vestland. Dette er skog med ulike treslag, og med både levande og døde tre i alle aldrar. Det gjev eit stort artsmangfald. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Føremålet med høyringa er å informere om vernearbeidet og for å legge til rette for medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Skogområda vi melder oppstart på er:

  • Bråvoll og Hus naturreservat i Ullensvang (1 365 dekar)
  • Gulbergnotten naturreservat i Ullensvang (utviding med 609 dekar til 6466 dekar)
  • Setråsen og Femanger naturreservat i Bjørnafjorden (utviding med 2 596 til 6371 dekar)
  • Steinen naturreservat i Bjørnafjorden (utviding med 649 dekar til 1 889 dekar)
  • Åkre og Vikane naturreservat i Voss herad (utviding med 364 dekar til 2219 dekar)

Totalt utgjer areala 5 607 dekar. Av dette utgjer områda om lag 5 436 dekar skog og 3 109 dekar produktiv skog. I gjeldande kommuneplanar har alle områda føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR).

Vi meldte oppstart på alle fem områda 15. april 2021 og det har kome inn totalt sju uttalar og alle frå offentlege høyringsinstansar. Ingen av desse er kritiske til verneframlegga.

Det er sannsynleg at det vil vere mindre justeringar av vernegrenser for å redusere knekkpunkt i samråd med grunneigarene.

Endring etter oppstartsmeldinga

Det er ingen vesentlege endringar sidan oppstartsmeldinga, anna enn at vi har endra namn på Husedalen naturreservat til Bråvoll og Hus naturreservat etter innspel frå Språkrådet. Vi har også redusert avgrensinga i nerkant av området med om lag 35 dekar for å redusere knekkpunkt i vernegrensa og for å unngå granplantasjar.

Nasjonale naturverdiar

Dei fem områda er konsentrert til midtre og indre delar av tidlegare Hordaland, og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte urskognær gamal furuskog og mellom anna svært viktige førekomstar av vestnorsk regnskog.

Særleg utviding av Setråsen naturreservat med areal kring Femanger i Bjørnafjorden kommune vil sikre viktige naturverdiar knytt til rike, fuktige skogar og er ein sentral del av kjerneområdet i Noreg for rik regnskog i boreonemoral sone. Her er fleire svært sjeldne og trua artar knytt til vestnorsk regnskog registrert, deriblant den hyperoseaniske mosen Colura calyptrifolia med sitt første og til no einaste funn i Skandinavia. Arten har endå ikkje fått norsk namn. Det er i tillegg registrert fleire førekomstar av regnskogslaven strutlav i utvidingsområdet i Femanger. Arten er klassifisert som kritisk trua i Norge.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand. Sjå høyringsbrevet til høgre på denne sida for meir informasjon om enkeltområda.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

Regnskogmosen Nebbmose Colura calyptrifolia er klassifisert som sterkt trua og er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Utviding av Setråsen og Femanger naturreservat vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss.
Regnskogmosen Nebbmose Colura calyptrifolia er klassifisert som sterkt trua og er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Utviding av Setråsen og Femanger naturreservat vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss. Foto: Kristian Hassel, NTNU Vitenskapsmuseet ©.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om, er alle resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyste som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Følg også lenke til vår eiga temaside om frivillig skogvern i høgre marg, for generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 3. august 2021

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet, ber vi om tilbakemelding på dette.