Framlegg til justerte grenser for Hestad landskapsvernområde
- Høyringsfrist:
- 1. april 2024 23:59
Vi har sendt eit framlegg til justerte grenser for Hestad landskapsvernområd på høyring. Du kan kome med innspel innan 1. april 2024.
Statsforvaltaren i Vestland har sendt på høyring eit framlegg om grensejustering for Hestad landskapsvernområde. Framlegget inneber mindre endringar i høve til grensene som er kjende som gjeldande grenser i dag (Naturbasen).
Det er viktig at verneområde har avklara og korrekte grenser. Då Hestad landskapsvernområde vart oppretta i 1971, som det første landskapsvernområdet i Noreg, var kartgrunnlaget dårleg. Over tid er grensene for verneområda blitt digitaliserte. Naturbase inneheld grensene for alle verneområda i Noreg, og det har vorte uklart kor grensene går i Hestad landskapsvernområde.
Dei viktigaste endringane for grensa til Hestad landskapsvernområde er at Hestadgrend bedehus ikkje skal vere med i landskapsvernområdet. Grensa mot Hestadfjorden og Viksdalsvatnet blir fastsett til ein meters djupne i tråd med eigedomsgrensene her.
Frist for å kome med innspel til høyringa er til 01. april 2024.
Etter høyringa vil vi oppsummere innspela til grenseendringa og sende vår tilråding til Miljødirektoratet. Fordi det gjeld mindre endringar i vernegrensene, er det Miljødirektoratet som fattar vedtaket om kor vernegrensene skal vere. Nye vernegrenser vil då bli publisert på digitale kart og på våre nettsider.
- Høyringsfrist:
- 1. april 2024 23:59