Søknad om utfyllingar i sjø- Nye Øksenelvane kraftverk i Bremanger
- Høyringsfrist:
- 15. mai 2024 23:00
Firdakraft AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på tre lokalitetar for å vinne nytt landareal i Bremanger kommune.
Firdakraft AS skal ruste opp Øksenelvane kraftverk ved Ålfoten i Bremanger kommune. Det skal drivast åtkomsttunnel, utløpstunnel og kraftstasjon i berghall, som vil gje eit overskot av ca. 260 000 m3 sprengsteinsmassar. Ca. 116 000 m3av desse er planlagt å nyttiggjere til landutviding ved tre ulike lokalitetar. Dei er Åskåra (40 000 m3) og Lunden (60 000 m3) på sørsida av Ålfoten, samt Portalområde (16 000 m3) på sørsida av Hundvikfjorden.
Utfyllinga ved Åskåra skal gje nytt landområde for eksisterande næringsbygg og har potensiale som framtidig næringsareal.
Utfyllinga ved Lunden er planlagt å utvikle til friområde, etter innspel frå bygdelaget.
Utfyllinga ved Portalområde er naudsynt for å få tilstrekkeleg areal til rigg og køyretøy i samband med anleggsverksemda. Den austre delen av arealet vil også ha nytte som vegutviding.
Norconsult har utført miljøteknisk sedimentundersøking og utarbeidd ei miljøriskovurdering basert på kjende fiskeriinteresser (låssettingsplassar og gytefelt kysttorsk) med forslag til avbøtande tiltak (tabell 9 i vedlagt rapport).
Forventa varigheit på arbeid med utfylling i sjø er f.o.m. oktober 2024 t.o.m. januar 2026. For å sikre god framdrift og minst mogleg transport, er det planlagt å fylle ut massane vil skje kontinuerleg imens tunneldrifta pågår.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/5712. Frist for å gje fråsegn er 15. mai 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 15. mai 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høyringsbrev .pdf
- 2024-04-12 SFVL søknadsskjema utfylling sjø.pdf
- Vedlegg 1 - Sedimentundersøkelse og analyseresultat.pdf.pdf
- Vedlegg 2 - Detaljkart og oversiktskart.pdf
- Vedlegg 4 - KU marint naturmangfold.pdf
- Vedlegg 5 - Grunnlagsrapport for søknad.pdf
- Vedlegg 6 - Snitt tegninger utfyllinger.pdf
- Vedlegg 7 - Kommune godkjenning parallell sakshandsaming.pdf