Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn til Hundvikfjorden Bremanger

Høyringsfrist:
15. mai 2024 23:00

Firdakraft AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova § 11 for midlertidige utslepp i anleggsperioden for Nye Øksenelvane kraftverk, Bremanger kommune. Dette gjeld partikkelutslepp frå tunneldrift, nitrogenutslepp frå uomsett sprengstoff, høg pH ved bruk av sementprodukt og fare for oljeutslepp.

Publisert 12.04.2024

Det omsøkte hovudtiltaket inneber bygging av ny vassveg og nytt inntak i Store Øksendalsvatn  samt ny kraftstasjon med total installert effekt på 110 MW.

Kraftstasjonen vil bli plassert om lag 500 m inn i fjell og vassvegen er planlagt utført som rå-sprengt tunell med ca. 2 200 m lengde frå kraftstasjonen og opp fil inntaket i Store Øksendalsvatn. Avløpstunellen vil munne direkte ut i sjø i nærleiken av utløpet til eksisterande kraftverk.

Det vert sett som krav at tunnelvatn ut frå sedimenteringsanlegget skal reinse overhalde grense på 400 mg suspendert stoff SS pr liter. Reinseprosessen startar i tunellen der vatnet går via slamnisjar, før det vert pumpa over i eit containeranlegg med 2 sedimenteringsbasseng og deretter eit oljeutskiljarbasseng der det vert teke prøvar av det reinsa vatnet.

Entreprenøren vil ha utstyr for tilsetjing av kjemikalie for pH-regulering. I kontrakten med entreprenør vert det kravd eit automatisk, mengdeproporsjonalt prøvetakingssystem.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/5712. Frist for å gje fråsegn er 15. mai 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn