Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding næringsareal - Domstein på Raudeberg i Kinn kommune
- Høyringsfrist:
- 28. juni 2024 23:00
Domstein AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket byggje ny kai, produksjonslokale og fryselager plassert på ei utfylling i sjø.
Anleggsarbeida omfattar utfylling av 64 000 m3 steinmassar over eit sjøbotn areal på 12 200 m2. Prosjektet vil nytta overskotsmassar frå Stad skipstunnel. Arbeida i sjø er estimert til maks 4 mnd og skal utførast i perioden september til februar då det er naturleg lav biologisk aktivitet i sjøen. Multiconsult har i søknaden (tabell 1, side 6-7) føreslått ei rekkje avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad frå utfyllinga.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/8359. Frist for å gje fråsegn er 28. juni 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 28. juni 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høyringsbrev.pdf
- Søknad om løyve Utfylling i sjø, Domstein Multiconsult.pdf
- Domstein ROV-undersøkelse av fremmedarten havnespy- Multiconsult.pdf
- Domstein Miljøfaglig risikovurdering og tiltaksbeskrivelse - Multiconsult.pdf
- Domstein Geotekniske retningslinjer for utførelse av sjøfylling- Multiconsult.pdf
- Domstein Datarapport geotekniske grunnundersøkelser- Multiconsult.pdf
- Domstein - miljøgeologiske undersøkelser av sedimenter - Multiconsult.pdf