Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø for utviding næringsareal - Fitjar Mekaniske Verksted
- Høyringsfrist:
- 12. august 2024 23:00
Fitjar Mekaniske Verksted søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på verftseigedomen sin i Fitjar. Fitjar Mekaniske verkstad skal utvide industriområdet på eigedom gnr/bnr. 65/71 i Fitjar kommune basert på utfylling i sjø. Det utvida arealet trengs til skipsverftsdrifta, bl.a. utføre stålarbeid for nybygg av båtar der dette arbeidet i dag vert utført utanlands
Det skal fyllast ut ca. 17 000 m3 stein over eit sjøbotnareal på ca. 3 100 m2. Utfylling skal skje frå land med gravemaskin. Det skal nyttast sprengstein av granitt til utfylling. Det er ikkje behov for mudring før utfylling for stabilisering av fyllinga. Cowi har undersøkt sjøbotn sedimenta og finn at sedimenta har lite finstoff, består av hard botn og stein og er totalt sett lite forureina.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/9887. Frist for å gje fråsegn er 12. august 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 12. august 2024 23:00