Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til etablering av Fardalen kraftverk i Årdal kommune

Høyringsfrist:
16. august 2024 23:00

Fardal Kraft søkjer om løyve etter forureiningslova for etablering av Fardal kraftverk i Årdal kommune. Høyringsfrist er 16. august 2024.

Publisert 19.06.2024

Kraftverket vil utnytte fallet i Fardalselvi frå inntak ved Haugen til utløp ved Øvstetun. Anleggsarbeida omfattar bl.a. etablering av ca. 3 km vassveg bora i fjell (Ø1600 mm) samt andre tunnelar. Tunnelvatn frå driving av tunnelar skal reinsast i reinseanlegg før utslepp til elv. I vedlagte søknad har Bystøl risikovurdert arbeida og føreslått ulike avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining frå anleggsarbeida. Det er planlagt tunneldrift frå to påhogg. Eit påhogg ved inntak ved Haugen. Planlagt oppstart av ved Haugen er i november 2024. Forventa drivetid er om lag 12 månader. Det andre påhogget ligg ved Øvstetun. Planlagt oppstart ved Øvstetun er februar 2025. Planlagd drivetid er 13 månader.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/9236. Frist for å gje fråsegn er 16. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn

Høyringsfrist:
16. august 2024 23:00