Søknad om anleggsarbeid i sjø for utviding industriområde Breivika Eigedom Breivika i Bremanger
- Høyringsfrist:
- 30. september 2024 23:00
Breivika Eigedom søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide industriarealet sitt i Breivika gnr/bnr 38/697 i Bremanger kommune.
Norconsult har i vedlagte søknad beskriven arbeida, risikovurdert anleggsarbeida ut frå kjende marine naturtypar og fiskeriinteresser som kan bli negativt påverka av anleggsarbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå.
Anleggsarbeida er sprenging i fyllingsfot for stabilisering av fylling og utfylling av ca. 26 000 m3 stein levert frå Rise massetak. Utfyllinga skjer frå land med lastebil. Dei føreslåtte avbøtande tiltaka er ingen undervassprenging i gytesesongen til kysttorsk sett til 1 februar til 31. mai. Utfyllinga skal skjermast med siltgardin med feste i botn og måling av turbiditet på utsida av gardina med alarmgrense og stans i arbeida dersom denne vert overskriden. Planlagt oppstart er beskriven "så snart som mogeleg" og med ei antatt varighet på 5 – 6 månader.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/12965. Frist for å gje fråsegn er 30. september 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 30. september 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høyring av søknad.pdf
- Søknadsskjema.pdf
- Vedlegg 1 - Kartskisser i relevant målestokk.pdf
- Vedlegg 2 - MARIN 01_KU-Rapport naturmiljø sjø.pdf
- Vedlegg 3 -RIG-R01_Geotreknisk rapport_J02.pdf
- Vedlegg 4 - Norconsult- Søknad om tiltak i sjø.pdf
- Vedlegg 5 - Snitt utfylling i sjø.pdf
- Vedlegg 6 - Samtykkeerklæring - Breivika Eigedom AS- 23.08.2024.pdf