Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til rehabilitering av Bjølsegrøvatn dam i Kvam herad

Høyringsfrist:
23. september 2024 23:00

Statkraft Energi skal rehabilitere dammen i Bjølsegrøvatnet som er inntaksmagasin til Bjølvo kraftverk.

Publisert 21.08.2024

Dammen har ikkje vegtilkomst og Statkraft skal byggje ny veg og tunnel fram til dammen. Det er planlagt ein veg i dagen  på 105 meter, deretter ein 2350 meter lang tunnel (tunnel 1) etter følgd av ei ny 320 meter lang veg i dagen  fram til dammen. Det er også planlagd ein mindre veg. Driving av tunellane medfører overskot av massar som er planlagt lagra permanent i nedre del av anleggsområdet.

Norconsult har i vedlagte søknad risikovurdert anleggsarbeida ut frå fare for forureining og negativ påverknad og har føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå. Dette gjeld avrenning/utslepp frå tunneldrift, byggegroper og permanent lager for overskotsmassar frå tunnelane (massedeponi).

Detaljplan for miljø og landskap blei godkjent av NVE i vedtak datert 29. juli 2024.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta inkludert NVE dokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/10573. Frist for å gje fråsegn er 23. september 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.