Søknad om endra utsleppsløyve for Sandane lufthamn
- Høyringsfrist:
- 7. oktober 2024 23:59
Avinor AS søkjer om løyve til auka forbruk av flyavisingskjemikaliar frå Sandane lufthamn.
Publisert 04.09.2024
Om søknaden
Det er søkt om å få auke mengda av flyavisingskjemikaliar frå 7000 liter 100 % glykol til 10 500 liter 100 % glykol.
Flya blir avist på avisingsplattform. Avrenning går til overvassystem og grunn og endar ut i Nordfjorden og Gloppefjorden, sjå vedlagte figur.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/7278. Frist for å gje fråsegn er 7. oktober 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 7. oktober 2024 23:59