Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn og tunnelvaskevatn frå bygging av Fv. 5246 Helteviktunnelen

Høyringsfrist:
10. mars 2025 23:00
Plantegning av Fv. 5246 Slettebrekka - Hetlevik

Vestland fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn i anleggsfasen og driftsfasen av Helteviktunnelen i forbindelse med bygging av Fv. 5246 i Askøy kommune. 

Publisert 04.02.2025

Vestland fylkeskommune skal byggje 2 450 meter ny veg frå Slettebrekka til Hetlevik på Askøy, inkludert 600 meter tunnel. Det blir søkt om mellombels utsleppsløyve for utslepp av tunnelvatn under anleggsfasen i Damskjerbekken frå driving av tunnel mellom Haugadalen og Hetlevik. Det blir òg søkt om utslepp av reinsa tunnelvaskevatn i driftsfasen, som skal førast ut i sjøen ved Eide, Hauglandsosen. 

Planlagd oppstart er august 2025, og det er venta at prosjektet skal vere ferdig i løpet av 2027. Utslepp i driftsfasen vil skje éin gong i året i samband med vask av tunnelen. Driftsperioden blir rekna like lang som levetida til tunnelen, der utsleppet er avgrensa til 20 timar over eit døgn i året.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2020/2835. Frist for å gje fråsegn er 10. mars 2025.

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. 

Høyringsfrist:
10. mars 2025 23:00