Søknad om løyve til anleggsarbeid i sjø - Northern Light fase 2, Ljøsnøya Øygarden kommune
- Høyringsfrist:
- 30. juni 2025 23:00
Equinor har etablert eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO2 ved Energiparken, sør på Ljøsøyna i Øygarden kommune
Equinor søkjer om løyve etter forureiningslova til anlegggsarbeid i sjø. Formålet er å utvide anlegget med ei ny kai.
Anleggsarbeida i sjø omfattar undervassprengning, boring av peler og saging. Multiconsult har risikovurdert arbeida og søkt om avbøtande tiltak dei meiner reduserer fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2020/8821. Frist for å gje fråsegn er 30. juni 2025.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 30. juni 2025 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35