Søknad om løyve anleggsarbeid i sjø, Olsetvikane, Askvoll kommune

Høyringsfrist:
4. august 2025 23:00

Entreprenør Grunnfjell AS søkjer på vegne av Vibeke Helland AS om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere molo, Olsetvikane, gnr 30 bnr 49. Grunnfjell har i den vedlagde søknaden beskriva arbeida og føreslått at dei av omsyn til fugl og fisk ikkje driver anleggsarbeid i hekke- og gyteperioden.

 

Publisert 17.06.2025

Det skal fyllast ut 4 500 m3 (7 000 tonn) med sprengsteinmassar, største del lokalt frå Olsetvikane. Sjødjupne i utfyllingsområdet er ned til – 8 meter. Areal sjøbotn er ca. 650 m2. Søkjar ynskjer å starte arbeida hausten 2025 og ut 2026. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2025/9029. Frist for å gje fråsegn er 4. august 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
4. august 2025 23:00