Høyring av søknad om endring av løyve ved Envir AS i Simonsviken, Bergen
- Høyringsfrist:
- 3. august 2026
Envir AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova til jordvaskeanlegg i Simonsviken, Bergen kommune. Det er søkt om auke i mengde masse som tas inn til behandling frå 50 000 tonn til 150 000 tonn per år, auka mengd på lager og løyve til å knuse stein med diameter over 90 mm innandørs. I tillegg er det søkt om auka grenseverdi for TOC på vatn som skal gjenbrukast i prosessen.
Verksemda har i dag løyve til vasking av forureina massar, i tillegg til varmebehandling av ikkje-forureina jord med framande artar. De har ikkje løyve til utslepp til vatn frå vaskeprosessen.
Det har blitt utarbeida en støyrapport med utgangspunkt i mottak av 150 000 tonn per år.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2021/2923. Frist for å gje fråsegn er 3. august 2026.
Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 3. august 2026