Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2020 til kommunane i Vestland
Fylkesmannen har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 16,55 mill. kroner til kommunane i Vestland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I tillegg skal det tildelast 2,5 mill. kroner til Bergen kommune og deira prosjekt på Satsing mot barnefattigdom. Dette er siste tildeling i eit fleirårig prosjekt, som er løyvd tidlegare.
Det kom inn 72 søknader for til saman om lag 87 mill. kroner. Vi har tildelt fornyingsmidlar i samsvar med retningslinjer for kommunaldepartementet. 23 prosjekt har fått tildelt midlar, og fire prosjekt er overførte til avdeling for helse for vurdering og eventuell tildeling frå deira kompetanse- og innovasjonsmidlar. I kolonna til høgre finn du brev til kommunane om tildelinga.
Følgjande prosjekt har fått tildelt midlar:
Prosjekt nr. | Kommune | Prosjekt | Sum kr. |
17 | Austevoll | Tidleg innsats og førebyggjande folkehelse | 100 000 |
23 | Bergen | Digitalisering og psykisk helse | 1 100 000 |
26 | Bergen | HeltOm - helsetenesteteam og omsorgsteam | 800 000 |
31 | Sunnfjord | Plan for innovativ innkjøp av velferdsteknologi | 200 000 |
43 | Sogndal | Desentralisert sjukepleiarutdanning i Sogn | 150 000 |
48 | Alver | Fag- og tenesteutvikling i region Nordhordaland Helsehus | 300 000 |
64 | Kinn (Bjørnafjorden og Askøy) | Bustad for velferd | 200 000 |
80 | Modalen | Samarbeidsmodell ved rekruttering av psykologkompetanse region Nordhordland | 200 000 |
99 | Sunnfjord | E-helse Vestland (velferdsteknologi helse og omsorgstenester i Vestland) | 3 250 000 |
75 | Øygarden | Valfag ungdomskular - innsats for andre | 150 000 |
58 | Austreim | Etablering av interkommunalt barnevern (Austreim, Fedje med Alver som vertskommune) | 750 000 |
24 | Bergen | Regional koordinator for Akson | 1 300 000 |
35 | Solund | I dei unge sine framtidsdraumar - digital kompetanse | 150 000 |
93 | Bergen | Digi Vestland - samordna regional digitalisering i Vestland | 6 000 000 |
25 | Bergen | Innovasjon Borgertun | 250 000 |
33 | Sogndal | Sogn for alle - integrering av innvandrarar | 150 000 |
52 | Etne | Prosjekt Acos på Haugalandet | 100 000 |
71 | Fjaler | ReStart (HAFS-kommunane og Haugland Rehabiliteringssenter) | 200 000 |
20 | Sunnfjord | Resipientkapasitet i Dalsfjorden | 200 000 |
5 | Alver | NGIB-kartet digitalisering av særskilte brannobjekt og risikoområde (Nordhordaland , Gulen og Solund) | 250 000 |
65 | Alver | ROS Nordhordland brann og redning (samarbeid med Modalen og Austrheim) | 250 000 |
81 | Osterøy | Kunnskapsdriver berekraft | 400 000 |
39 | Vaksdal | Felles kontaktsenter i randkommunane Nordhordland + Gulen | 100 000 |
Total sum | 16 550 000 | ||
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40 -
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72