Statsforvaltaren har oppheva overnattingsforbodet i Bergen
Statsforvaltaren har gjennomført lovlegkontroll av dei nye politivedtektene for Bergen kommune. Overnattingsforbodet vart oppheva, medan campingforbodet og resten av vedtektene er gyldige og lovlege.
Bergen bystyre handsama saka om dei nye vedtektene 6. mars 2024. Seks bystyrerepresentantar sette fram krav om lovlegkontroll av vedtaket om overnattingsforbod. Kravet var grunngjeve med at saka ikkje var godt nok opplyst, og at vedtaket kan vere i strid med Grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
Kravsstillarane viste særskilt til tilrådinga frå Noregs institusjon for menneskerettar (NIM). Fleire representantar, først i forretningsutvalet, så i bystyret, etterspurde ei konkret vurdering av innhaldet og problemstillingane i brevet. Det vart ikkje gjort supplerande vurderingar av forholdet til Grunnlova eller EMK før vedtaket i saka, som etter representantane sitt syn dermed ikkje kan seiast å ha vore forsvarleg opplyst.
Vedtaket er ugyldig
Vi har konkludert med at saka ikkje er tilstrekkeleg utgreidd. Kommunen har ikkje vurdert konsekvensane av eit generelt overnattingsforbod for bustadlause eller andre som søv på gata.
Vi kan heller ikkje sjå at kommunen i si opplysning og utgreiing av saka har forklart kvifor det ligg føre eit presserande behov for eit generelt overnattingsforbod i tillegg til campingforbodet, når det er camping dei vil regulere. Derfor er det uvisst om kommunen kunne ha oppnådd formålet om å styre campingturisme og førebyggje uorden med ein mindre inngripande regel enn eit generelt overnattingsforbod.
Vi kan ikkje utelukke at sakshandsamingsfeilen har verka inn på innhaldet i vedtaket. Overnattingsforbodet er derfor ugyldig, som følgje av sakshandsamingsfeil, og vedtaket er dermed ulovleg.
Når vedtaket ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, er det vanskeleg å ta stilling til innhaldet i vedtaket; om overnattingsforbodet er i strid med Grunnlova § 102, jf. EMK artikkel 8. For resultatet av lovlegkontrollen er det heller ikkje nødvendig, sidan det er gjort feil ved sakshandsaminga som gjer vedtaket ugyldig.
Statsforvaltaren har konkludert med at det berre er forbodet mot overnatting som er ugyldig, slik at resten av føresegn § 2-2 og resten av den vedtekne politivedtekta er gyldige og lovlege.
Dersom Bergen kommune framleis ønskjer å innføre overnattingsforbod, må dette eventuelt handsamast som ei ny sak om endring av politivedtektene.